PTRO Din kristne radio
-Det som hendte med Jesus var så uventa, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til overraskande hendingar då Jesus var her på jorda.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det som hendte med Jesus var så uventa, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til overraskande hendingar då Jesus var her på jorda.
Programleiar: Inge Kallestad
Eit knippe julesalmar, deriblant ein protestsalme, blei skrevne «i all hast» på 1700-talet. Og salmane lever vidare og blir nytta den dag i dag. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til salmediktaren Hans Adolf Brorson (1694-1764).
På julekvelden i 1799 sit Hans (28) i rådhusarresten i Trondheim. Den kvelden skriv han ein tekst som blir trykt i salmebøker i vår tid. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel.
Programleiar: Inge Kallestad
-Kan me stola på det Bibelen seier om Jesu fødsel, og dei mange som var vitner til dette? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss inn i dette spørsmålet i årets siste prat med han «Odd i Krånå».
Programleiar: Inge Kallestad
I tempelet i Jerusalem møter Maria, Josef og Jesus to eldre mennesker. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til del 3 i serien om personar som var vitner til Jesu fødsel.
Programleiar: Inge Kallestad
-Når Kristus kom, så kom han på ein plass der han var tilgjengeleg for alle. Og han er tilgjengeleg for alle folk også i dag, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han fortel om både sauebønder og vise menn som var vitner til Jesu fødsel i fattige kår i Betlehem. Del 2 i serien Vitner til Jesu fødsel.
Programleiar: Inge Kallestad
Forloveden til Maria, slektningen Elisabet og hennar barn i mors liv var alle vitner til Jesu fødsel. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til bibelsoga i kapittel 1 hjå evangelistane Matteus og Lukas. Del 1 i serien Vitner til Jesu fødsel.
Programleiar: Inge Kallestad
Du får historien om hønsehuset som blei til bedehus og ein skiten krakk som blei den finaste talarstolen. Kunstnar og forkynnar Odd Dubland delar minner frå farne tider.
Programleiar: Inge Kallestad
Han gjorde under og lækte folk, og sa til og med at han var Guds son. Korleis reagerte folk?
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Jesus sitt liv her på jord.
Programleiar: Inge Kallestad
Den italienske biletkunstnaren Caravaggio (1573-1610) henta inpirasjon frå bibelsoga. Kunstnar og forkynnar Odd Dubland tar fram eit par kunsthistoriar.
Programleiar: Inge Kallestad
I 1842 var der eit stort forlis med 389 omkomne langs kysten. -Det største forliset med tanke på omkomne i norsk farvatn i fredstid, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-Kor godt med eit ord i rette tid, står det i Salomos ordspråk. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland delar nokre tankar.
Programleiar: Inge Kallestad
– Eg har ikkje peiling, seier me når det er noko me ikkje kjenner til. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland begynner med desse orda og ender opp med ein prat om kva kyrkja er.
Programleiar: Inge Kallestad
I Bibelen står det om å bekjenna synd, men korleis gjer me det? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland stoppar for bibelord i 1. Johannes brev kapittel 1.
Programleiar: Inge Kallestad
Kven er det me kan kalla for heltar? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med både til 1300-talet og 1900-talet.
Programleiar: Inge Kallestad
-Forstår du det du les? Spørsmålet kom frå diakonen Filip i møte med ein etiopisk hoffmann på ein aude vegstrekning mellom Jerusalem og Gaza. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til denne historien i Apostelgjerningane kapittel 8.
Programleiar: Inge Kallestad
Ei tante som snudde om og ein audmjuk offiser. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om gode overraskelsar frå både familie- og bibelsoga.
-På ditt ord, Herre, sa læresveinen Peter. Kva kan me læra ut av det? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva kan gamle steinkyrkjer minna oss om? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar om kyrkjebygg frå 11-1200 talet.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det at Kristus er frå evighet av er så ufatteleg at det svimlar for tanken, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. I denne episoden med «Odd i Krånå» stansar han for kven Jesus Kristus er.
Programleiar: Inge Kallestad
Bibelen har forskrifter om kva fuglar og dyr som kan etast, men den stoppar ikkje med det. Apostelen Peter fekk seg ei aha-oppleving på eit hustak i byen Jaffa, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-Mange spørsmål er uløyste for oss, men det kjem ein dag når me skal få greie på det, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar hjå «Odd i Krånå»: Inge Kallestad
Du får historie om brann i jernbanevogner, forlis langs Jærkysten og eit hønsehus som blei til bedehus når Odd Dubland fortel frå gutedagar på 1940-talet, i høve årsdagen for frigjeringa 8. mai 1945.
-Han som dei hadde sett heile sitt håp til var no død. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til forvirra, fortvilte og sørgjande læresveinar etter Jesu død på korset.
Læresveinen Peter hadde store opplevingar i lag med Meistaren, men er også kjent for sitt svik. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram denne dramatiske soga frå eit levd liv.
-Eg har ikkje lyst å vera ein gammal sur mann som tenkjer på at alt var betre før, men eg lurar på om applausen, som me har så mykje av i vår tid, av og til er litt malplassert. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland snakkar om applaus i denne drøsen frå Krånå.
Programleiar: Inge Kallestad
Familien måtte flykta og mista fleire av sine kjære. Kva gjorde det med forholdet til Gud? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til ein svær historie i ei lita bok i Bibelen. Denne episoden blei første gong sendt i 2014.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det er nokon svære ord som er ufatteleg å forstå for oss. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland stansar for påska sitt budskap.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva er ein helt? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om ein engelskmann som levde på 1300-talet og som stod opp for Bibelen.
Programleiar: Inge Kallestad
Kven er Jesus? Det spørsmålet samla kyrkjeleiarar i år 325 etter Kristus. Kyrkjemøtet i Nikea i dagens Tyrkia gav oss det som i dag blir kalla «den nikenske trusvedkjenninga». Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjev oss ein liten historieleksjon.
Programleiar: Inge Kallestad
-Asaf er veldig personleg og ærleg i denne salmen, seier forkynnaren og kunstnaren Odd Dubland. Han tar oss med til Salmenes bok i Bibelen, og Salme 73.
Programleiar: Inge Kallestad
Her får du historien om den svenske prinsen som var predikant og den tyske grevinna som blei kristen songforfattar i sitt korte liv. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel historiar som fortel at me alle stillar likt når det gjeld vårt forhold til Jesus Kristus.
Intervjuar: Inge Kallestad
Då unge Odd var inne til militærteneste fann han ein tittel i eit blad som han hengte opp i skapet sitt i brakka. Kva kunne dei orda betyr for livet? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel.
Programleiar: Inge Kallestad
85 åringen Odd får i dag spørsmål om å vera utlærd. Han tar nemleg fram ord frå Bibelen om å «veksa i nåde og kjennskap til vår Herre og Frelsar Jesus Kristus». Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland i samtale med programleiar Inge Kallestad.
I år er det 1000 år sidan kristenretten vart sett på Moster på Bømlo. Men kva er kristenretten og kva betydde den? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel.
Programleiar: Inge Kallestad
-Evangelisten Lukas var opptatt av at det han skreiv var truverdig, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva hendte med dei vise menn som leita etter kongen og kva kan historien læra oss? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Matteusevangeliet. Han tar også fram eit visdomsord i samband med sin 85 års dag 10. desember.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det må ha vore veldig mykje spenning i denne heimen, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til historien om Maria og Josef, som blei foreldre til Guds eigen son.
Intervjuar: Inge Kallestad
Det blir rollebytte og livshistorie i dagens drøs med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. I denne episoden intervjuar han programleiar Inge Kallestad.
To nesten like ord på to ulike gravstøtter med ganske så ulik betydning. Det er utgangspunkt for denne praten med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Kvar er spora etter far min? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Vigelandsparken i Oslo og eit fjøs på Jæren.
-Soldaten gjorde seg klar til å skyta då han høyrde songen «Jesus saver of my soul. Kva skjedde den dagen og kva hendte mange år etterpå? Kunstnaren, forkynnaren og songaren Odd Dubland tar oss i dag med til historiar om kristne songar.
-Jeg må klage ovar at jeg elsker ham så ynkelig lite, men å hvor umistelig og kjær han likevel er for mitt fattige hjerte, skrev forkynneren og forfatteren Simon Duun. Kunstneren og forkynneren Odd Dubland kjenner seg igjen i disse ordene.
Programleder: Inge Kallestad
-Herre, kven skal vi gå til, spurte læresveinen Peter då han blei utfordra av Jesus. Kunstnaren og predikanten Odd Dubland har gjort seg nokre betraktningar utfrå orda i Johannesevangeliet kapittel 6. Gjenhøyr frå februar i 2014
Programleiar: Inge Kallestad
-Det begynner å dryssa støv og spindelvev ned frå taket. Plutseleg blir det ei opning og ei mann blir firt ned, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Kva var det som hendte? Me høyrer bibelsoga frå Lukasevangeliet kapittel 5.
Programleiar: Inge Kallestad, God kvardag – mandag 16. oktober 2023 kl 09.00.
-Eg blei dregen den vegen, det var ei makt som tok meg, seier Odd Dubland når me spør kvifor han er ein kristen. Han fortel om ei spesiell hending med ein sang han høyrde i ungdomstida.
-Det kan vera så mang ei sorg i livet, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. I denne mandagens prat snakkar han om ulike formar for sorg me kan møta i livet.
Programleiar: Inge Kallestad.
Du får gamle historiar om liv som på kort tid endra seg, og ord om det eine urokkelege. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar utgangspunkt i ord frå det første kapittelet i Forkynnaren si bok i Bibelen.
Programleiar: Inge Kallestad
Historie om fjøsstell i farne tider og ord om å æra sine foreldre. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til barndomsår på Jæren.
Programleiar: Inge Kallestad
Ord frå Jesus om å elska fiendane og velsigna dei som forbannar vil kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland stansa for når han stoppar i Bergpreika i Matteusevangeliet kapittel 5, vers 38-48.
Ein gong sa fiskaren Simon til Jesus: «På ditt ord, Herre». Kva meinte han med desse orda? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tek oss med historien om Simon, seinare kjent som læresveinen Peter, sin prat med Jesus i ein båt. Du finn den i Lukasevangeliet kapittel 5.
Kvifor skriv apostelen Paulus om at han hadde ein «torn i kjøtet»? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til bibelhistorien frå 2.Korintarbrev kapittel 12.
-Han var ein mann med empati, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han fortel meir om Timoteus, ein venn og medarbeidar av apostelen Paulus.
Du får tankar om universet og ord frå Kong David i Salmenes bok når kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland er med oss i første drøsen etter sommarpausen.
Programleiar: Inge Kallestad
Tenåringen David sin kamp mot kjempa Goliat er tema i denne praten med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Det blir også nokre diktlinjer frå venterommet.
Programleiar: Inge Kallestad
Det blir både ord om songen sin betydning og nokre songvers i denne praten med kunstnaren, forkynnaren og songaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-Me står i ein åndskamp med ein formidabel motstandar, som vil øydeleggja gudsforholdet vårt. Kven er då vår konge? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til Efesarbrevet kapittel 6 i Bibelen. Innslaget er eit gjenhøyr frå 2015.
Programleiar: Inge Kallestad
Hanna bar på ei stor sorg. Historien finn du i 1. Samuelsbok kapittel 1 i Bibelen. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel og reflekterar.
Programleiar: Inge Kallestad
-Jesus var eit sant menneske, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til bibelhistorie frå Johannesevangeliet kapittel 4 og Hebrearbrevet 4, vers 15.
Bibelen snakkar om tru, men også om tvil. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram ein slik historie i forbindelse med Kristi himmelfart.
Me skal til Matteusevangeliet kapittel 28.
Programleiar: Inge Kallestad
Er budskapet om Jesus for alle mennesker? Spørsmålet dukka opp blant dei første kristne. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med tilbake i historien.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva er det som styrer våre liv, spør kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til bibelhistorien om Pontius Pilatus.
Ein 65 år gammal historie blei eit triveleg gjensyn på Zoom. Og ein sang som sette kursen vestover kom i retur. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om eit par gilde opplevingar seinare tid.
Mannen hadde vore sjuk i 38 år og fekk spørsmål om han ville bli frisk. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ein historie frå Johannesevangeliet kapittel 5.
Den gamle kyrkjegarden ved Jærhavet og det store håpet i den kristne trua. Det skal me stansa for hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
I Bibelen kan me lesa formaningar til dei kristne. Treng me formaningar? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjer seg nokre tankar.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva er det som står igjen etter oss mennesker? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ei kunstnerisk og historisk vandring.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det er noko som ikkje finst naturleg i vår hjerne og som kjem utanifrå heilt uventa, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Kva dette handlar om får du vita når han «Odd i Krånå» stansar for hjernen.
Programleiar: Inge Kallestad
For nokre år sidan held forkynnaren Odd Dubland ein tale på ein nyttårsfest for ungdom. Det blei ein tale til seg sjølv som 16 åring.
Programleiar: Inge Kallestad
Det blir visdomsord etter eit barndomsminne når kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ein bekk heime på Varhaug.
Programleiar: Inge Kallestad
Då Maria og Josef tok med seg Jesusbarnet til tempelet møtte dei to som venta på Frelsaren. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel meir om dette møtet.
Programleiar: Inge Kallestad
Nokre vise menn frå Austerland gav seg i veg for å finna «jødekongen som no er fødd». Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjer seg nokre tankar om denne reisa.
Programleiar: Inge Kallestad
-Ver så god du kan mot di gravide dotter og barnet som kjem, seier Odd Dubland. Han snakkar om å tenkja rett og tar oss til bibelsoga om Josef og hans gravide forlovede Maria.
Programleiar: Inge Kallestad
Soldaten song, fienden høyrde songen og senka geværet. Denne historien frå den amerikanske borgarkrigen om songen av Charles Wesley tar Odd Dubland fram.
Programleiar: Inge Kallestad
-Hovmod er noko av det farlegaste som fins, seier Odd Dubland. Det handlar om freistinga til å bli hovmodig og apostelen Paulus sin historie om «tornen i kjøtet».
Programleiar: Inge Kallestad
-Når Hanna ba såg det veldig puslete ut, men Gud høyrde hennar bøn. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til ein bibelhistorie i 1. Samuelsbok kapittel 1.
Programleiar: Inge Kallestad
Han var gjetarguten som blei rikskjendis. Han var kongen som misbruka si makt og ba om nåde. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til den usminka historien om Israels Kong David.
Programleiar: Inge Kallestad
– Han som hadde alt, gav alt, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Kven har snakkar om får du vita når han tar oss med til ord frå Lukas evangeliet kapittel 9.
Programleiar: Inge Kallestad
Kor skal me gå med det usikre me opplever i vår tid? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til ein stormfull tur på sjøen for Jesus og hans læresveinar.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det spesielle med Jesus frå Nasaret er at han gjorde krav på så mykje om kven han er, seier Odd Dubland. Han tar oss med til bibelhistoriar frå Jesus sitt liv her på jord.
Programleiar: Inge Kallestad
-Ein kan koma inn i kompaniskap som ikkje er godt, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland og synar oss ord frå Salmenes bok kapittel 1.
Programleiar: Inge Kallestad
Mandag 19. september var det gravferd for Dronning Elisabeth 2. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland hugsar tilbake til då han stod vakt ved kongeleg gravferd i Norge i 1957.
Programleiar: Inge Kallestad
Etter eit sangmøte med gamle salmetekstar har kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland gjort seg nokre tankar. Han tar her fram tre salmediktarar.
Programleiar: Inge Kallestad
I Bibelen finn me uttrykket «ein ekte israelitt, ein som er utan svik». Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar.
Programleiar: Inge Kallestad
-Dette lønnkammeret kan du gå inn i kor du er, sjølv om du går med plenklipparen, seier kunstnar og forkynnar Odd Dubland. Han har gjort seg nokre tankar om bønn etter besøk i ulike kyrkjebygg.
Programleiar: Inge Kallestad
-Eg har ein engel som har fulgt med gjennom heile livet, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-Det som er farleg for oss er hvis me blir store og ikkje treng Guds hjelp, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han snakkar om å bli store i oss sjølve, i eit stort og omfattande misjonsarbeid.
Programleiar: Inge Kallestad
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram ein tekst av predikanten og forfattaren Simon Duun. – Det er ord å kjenna seg igjen i, seier han Odd i Krånå i denne drøsen.
Programleiar: Inge Kallestad
Det var fullt hus og vanskeleg å komma inn. Kva gjorde karane? Dei braut opp taket. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tek oss med til denne historien i Lukasevangeliet kapittel 5.
Programleiar: Inge Kallestad
Du får historien om den traktorkjørande guten som kom til kort med si eiga sparebøssa når kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar opp temaet forsoning.
Programleiar: Inge Kallestad
-Den me lærar mest å kjenna av Jesus sine læresveinar er Peter, seier kunstnaren og predikanten Odd Dubland. Han fortel meir om læresveinane, og særleg historien om Peter.
Programleiar: Inge Kallestad
Framtidshåp er tema hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland denne gongen. -Alt skal bli nytt,seier han og tar oss med til Romarbrevet kap 8 og til salmen «Ja, engang mine øyne» av biskop Karl Marthinussen.
Programleiar: Inge Kallestad
-Lønnar det seg å vera ein kristen? Den unge forkynnaren Odd Dubland hadde førebudd tema for eit bedehusmøte i Ryfylke. Etter møtet blei preika lagt vekk.
Programleiar: Inge Kallestad
-Disiplane hadde satsa alt på Jesus og forsto ikkje kva som skjedde då han døde, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han Odd i Krånå tar oss med til det som hendte med Jesus sine disiplar då Jesus døde og då han stod opp igjen.
Programleiar: Inge Kallestad
-Eg opplevde det som ein befrielse å vedkjenna trua på Jesus som 15 åring, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Han snakkar her om det å vedkjenna kristen tru.
Programleiar: Inge Kallestad
I dagar der mennesker må flykte frå krig tar kunstnar og forkynnar Odd Dubland fram historiar om gjestfridom. Blant anna då han som 19 åring var i FN-tenesta og kom til ein storby i Egypt.
Programleiar: Inge Kallestad
-Der er ein veg å gå med det vonde, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland i dagar som er prega av krig og ufred i vår verdensdel. Han tar oss også med til barneår under siste del av 2. verdenskrig.
Programleiar: Inge Kallestad
Ein kristen livsstil er tema i denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Pogramleiar: Inge Kallestad
John Newton dreiv med frakting av slavar, men han møtte Guds nåde og skreiv ein av dei meste kjent salmane me har. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel meir om forfattaren, sangen og nåden.
Programleiar: Inge Kallestad
Ein syrisk general lei av ein alvorleg sjukdom. Men ei ung bortført jenta frå Israel viste veg. Denne historien frå Bibelen si 2. Kongebok kapittel 5 er tema hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva kan den kristne sangen bety? Sangaren, forkynnaren og kunstnaren Odd Dubland snakkar litt om det og tar fram ein forfattar som har skreve ein av våre aller mest kjente kristne sangar.
Programleiar: Inge Kallestad
Det blei ei lang ferd til fots for den komande salmediktaren. Kunstnar og forkynnar Odd Dubland tar oss med til Magnus Brostrup Landstad sine gutedagar.
– Eg kan ikkje rekna med for kristen lenger, svarte han. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar etter ein prat med ein mann han møtte i ungdomstida.
Programleiar: Inge Kallestad
Ei rundforma kyrkja i Alpene har ei utsmykking som talar sitt tydelege språk. Det er utgangspunkt for nok ein drøs med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Kva står igjen etter oss når livet her på jord er slutt? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar om sin far etter ei vandring i Vigelandsparken.
Programleiar: Inge Kallestad
Dei levde til ulike tider og hadde minst ein ting felles: Dei venta. Men kva venta dei på? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel om desse to mennene som me møter i ulike delar av bibelsoga.
Programleiar: Inge Kallestad
Det blir eit streif innom julesongar som har komme til i ein periode på nærare 1700 år, når me nok ein gong er innom hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Det blei ein noko uvanleg tur til fjells for Jesus og tre av læresveinane. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss inn i denne historien.
Programleiar: Inge Kallestad
Predikanten og næringslivsgründaren Hans Nielsen Hauge skreiv song frå arresten på julekvelden. Ein annan songtekst var med og sette kurs for livet hans. Odd Dubland har gjort seg nokre tankar når det er 250 år sidan Hauge blei fødd.
-To menn gjekk opp til templet for å be, skriv evangelisten Lukas. Kven var desse to og kva ba dei om? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har gjort seg nokre tankar.
Programleiar: Inge Kallestad
Kyrkjefaderen Martin Luther, koronavaksinering og religiøst hovmod. Det er stikkord i denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Han er blant dei mindre kjente navna i historien og han hadde ei viktig teneste, blant anna med fengselsbesøk. Kunstmålaren og predikanten Odd Dubland fortel om ein mann med det noko uvanlege navnet Onesiforos.
Programleiar: Inge Kallestad
-Er du blant dei som tenkjer at eg passar ikkje inn å vera ein kristen? Då skal du sjå på dei som Jesus valde seg ut, seier Odd Dubland. I denne drøsen snakkar han om Jesus sine læresveinar.
Programleiar: inge Kallestad
Dei måtte først fjerna takstein, så fira dei ein lamm mann gjennom takopninga. Denne soga frå Lukasevangeliet er tema i denne praten med kunstnar og forkynnar Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
-Jesus viste at han har makt, ikkje berre til å helbreda, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Men kva meir? Høyr denne praten med han Odd i Krånå.
Det handlar om sang på jorda og sang i himmelen når me denne gongen er på besøk hjå kunstnaren og forkynnar Odd Dubland.
Programleiar: Inge Kallestad
Kong David heldt folketeljing, men gløymde det viktigaste. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel denne historien i innslaget frå han Odd i Krånå.
Programleiar: Inge Kallestad
I denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland fortel han historien om mannen som nesten overtalte kongen. Inge Kallestad har med seg han Odd i Krånå i 9-sendinga mandag formiddag på pTro.
Det handlar om ein far som ventar på sonen sin når me igjen besøker kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram det som kan opplevast som vanskelege ord frå Jesus. Han stansar i eit avsnitt i Matteusevangeliet kapittel 16 der me høyrer om å mista og berga livet.
Innslag frå God kvardag mandag 21. juni 2021.
Det handlar om to viktige personar i våre liv når me er innom hjå han Odd i Krånå denne gongen. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss med til mor og far.
Jakob drøymde om ein stige som gjekk opp til himmelen. Denne historien frå 1. Mosebok kapittel 28 er utgangspunkt for denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Rikdom, men ikkje i kroner og materielle ting. Det er stikkord for denne podcasten med han Odd i Krånå. Mandag 31. mai hadde pTro`s Inge Kallestad nok ein prat med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Han var lekpredikanten og næringslivsgründaren som havna i fengsel for sin virksomhet. Dette året er 250 år sidan Hans Nielsen Hauge blei fødd. Og denne mannen i norgeshistorien interessarar også kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Her får du første del.
Du får eigenskrevne dikt frå guttedagar på Jæren og kunstnarliv frå han Odd i Krånå. Inge Kallestad har ringt opp til kunstnaren og predikanten Odd Dubland. Gjenhør frå 19. april 2021.
Den tyske grevinna Elisabeth Ludämilia er kjent både som kunstnar og som diktar av over 200 salmar. Sjølv døde ho i 30 åra i ein meslingepidemi. Inge Kallestad har ringt opp til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland, som tar oss med til 1600-talet.
-Han har både sol og skuggar med i diktninga. Der er både kamp og strid og der er trøst i Kristus hjå han, seier kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland om sangforfattaren Jens Marius Giverholt.
Diktaren Hans Adolf Brorson skreiv salme ut frå historien om ein ubeden gjest som kom innom der Jesus var på besøk.
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar oss til Lukas evangeliet kapittel 7 og til salmeskatten.
I Bibelen finn me ei bok der Guds navn ikkje blir nemnt, fortel kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland. Han tar oss med til Esters bok i Det gamle testamentet.
-Eg har tenkt ein del på sangane som har komme i bakevja, seier kunstnar og forkynnar Odd Dubland. I dag tar han fram ein mindre kjent salmetekst av diktaren og presten Magnus Brostrup Landstad.
Ei naud og eit rop om hjelp gjennom nokre sangvers. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har leita fram ein tekst frå den kristne sang- og salmeskatten. Inge Kallestad snakkar med han Odd i Krånå.
Det blei både heimalaga kanon og minelegging i hønsegarden for vesle Odd som vaks opp under krigen. Men han hugsar også alvorlege og triste hendingar som ramma lokalmiljøet. Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland delar minner frå 1940-talet på Jæren.
Du blir kanskje overraska når du høyrer kva for ein 16-åring som kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland talte til. Inge Kallestad har årets første drøs med han Odd i Krånå.
Han stod der med opphavet til alt Guds skaparverk i armane sine. Me skal høyra om den eldre mannen Simeon og fleire til. Kunstnar og forkynnar Odd Dubland fortel om vitner til Jesu fødsel.
Det handlar om ein konge og hans rival når me skal på besøk til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Kven var dei vise menn frå Austerland? Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland snakkar om folk som varvitner til Jesu fødsel.
Kven kunne tru det som hendte med den unge møya Maria? I denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland handlar det folk som var vitner til Jesu fødsel.
Å koma til vegs ende og å koma til ein lukkeleg ende. Det er tema i denne drøsen med kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Det handlar om ein mann som hadde ein draum når me får nok ein drøs med han Odd i Krånå.
Inge Kallestad har ringt opp til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
I denne drøsen med han Odd i Krånå skal me høyra om ein sauegjetar som blei rikskjendis, men som gløymde noko viktig. Programleiar Inge Kallestad bankar på for ein ny drøs hjå kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Han Odd i Krånå tar fram eit gammalt ord som gjerne er lite brukt i vår tid. Programleiar Inge Kallestad tar deg med til forkynnaren og kunstnaren Odd Dubland frå Ålgård i Rogaland.
I denne episoden med han Odd i Krånå skal det handla om ein engel som kjem til han både seint og tidleg. Kva som er denne engelen sitt navn vil gjerne overraska deg. Høyr kva kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland har på hjarta når Inge Kallestad ringer han opp for ein drøs.
Ein fange med ein livshistorie utanom det vanlege kom fram og fekk tala til ein staseleg kledd konge. Og det var ein tale som gjorde inntrykk.
Denne gongen tar kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland oss med til ein historie frå Apostelgjerningane i Bibelen.
Programleiar Inge Kallestad snakkar med han Odd i Krånå.
I denne drøsen med Odd i krånå, tar han fram eit jærsk uttrykk som handlar om mat, og han tar fram to gamle salmetekstar.
Programleiar Inge Kallestad har igjen ringt til kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland.
Innslaget vart sendt på pTro mandag 5. oktober.
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland
Odd i Krånå: Ord og uttrykk frå Bibelen og ei soga
Kunstnaren og forkynnaren Odd Dubland tar fram bibelske ord og uttrykk som me brukar i daglegtale. Han har også ei bibelsoga om to brør og deira foreldre.
Mandag 21.09.20: God kvardag – programleiar: Inge Kallestad
pTro © 2018-2023
Alt innhold er opphavsrettslig beskyttet. Kopiering av materiale fra pTro for bruk annet sted er ikke tillatt uten avtale.
pTro har ikke ansvar for innhold på eksterne nettsider som det lenkes til.
Med vedtektene som basis, jobber pTro ut fra en forpliktelse på Vær Varsom-plakaten og Redaktørplakaten.
Ansvarlig redaktør: Anne Birgitte Lillebø Bøe. Webmaster: Tollef Byrkjedal